Sjur Haugen kan sykle på vatnet
Sykkelen er eigentleg ein gammal trimsykkel. ? Eg har ei lita dotter på 2,5 år, så ho får nok ikkje glede av denne på ei stund, men eg har nokre yngre søsken som gjerne tek seg ein tur ? med redningsvest på, seier han. Sykkelbåten er framleis ikkje heilt perfekt: ? Eg vil sette på ein sterkare propell, og gjere den tyngre bak. Eg anar ikkje kor fort den går no, men eg vil ha den til å gå litt raskare. Akkurat no held den gangfart, forklarar 33-åringen frå Dale.

